Vernepleiar med fagansvar

Nina Jakobsson
📍 vaksdal, vestland, Norway 💼 Full-time 🕒 Posted July 01, 2026

Job Description

Om stillinga

Som fagansvarleg vernepleiar/sjukepleiar i Elvevegen får du ei sentral rolle i å sikre rett kompetanse gjennom målretta fag- og kompetanseutvikling. Du blir ein pådrivar for fagleg kvalitet, utvikling og læring, og bidreg til å styrkje eit allereie engasjert fagmiljø. Næraste leiar er avdelingsleiar, og de vil samarbeide tett om både faglege og organisatoriske oppgåver.

Stillinga er delt mellom 50 % fagansvar og 50 % turnusarbeid med dagvakter og arbeid kvar fjerde helg (kortvakter). Dette gjev deg ei unik moglegheit til å kombinere fagleg utviklingsarbeid med nærleik til praksis og tenestene vi leverer kvar dag.

I Elvevegen bueining møter du eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, samarbeid og gode tenester. Her bur 10 menneske i eigne leilegheiter, med ulike livssituasjonar og samansette hjelpebehov. Kvar dag arbeider vi for å gi trygge og individuelt tilpassa helse- og omsorgstenester. Vi yter også tenester til ein ekstern tenestemottaka...

Ready to Apply?

Submit your application today and join our talented team at Nina Jakobsson.

Submit Application

Job Details

  • Location vaksdal, vestland
  • Job Type Full-time
  • Category Human Resources
  • Posted Date July 01, 2026
  • Application Deadline August 10, 2026